Vi viser til høyringa frå Kommunal- og regionaldepartementet i høve Forvaltingsreforma og forslag til nye oppgåver til det regionale folkevalte nivået, kapittel 10.1 om folkehelse.
Frivilighet Norge er eit interessepolitisk samarbeidsforum for frivillige organisasjonar som vart etablert hausten 2005. Vi har no 162 medlemmer frå alle delar av frivillig sektor. Les meir om oss på www.frivillighetnorge.no
Frivillighet Norge står ikkje oppført som høyringsinstans. Men sidan frivillig sektor er sentral aktør på folkehelsefeltet – både direkte og meir indirekte gjennom ulik helsefremmande aktivitet – ser vi det som høgst relevant å gje våre synspunkt på saka.
Frivillighet Norge ønskjer å minne om at frivillig aktivitet er helsefremjande i seg sjølv. Det organisasjonane gjer – ikkje berre innan folkehelsefeltet – gjev ringverknader som er med på å førebyggje og fremje den generelle folkehelsa. Frivillige organisasjonar bør difor ikkje sjåast på som leverandørar av folkehelsetenester. Folkehelseeffekten av alt frivillig arbeid må anerkjennast. I tillegg til å være medspelar er dei frivillige organisasjonane utfordrarar og kritiske samfunnsaktørar.
Frivillighet Norge ser det som ei styrke at folkehelsa går over frå å vere eit frivillig til eit ordinært og forpliktande ansvar for regionane. Vi ser det som positivt at det regionale folkevalte nivå tar eit større ansvar. Dette kan gje eit meir konkret rammeverk for samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor på folkehelsefeltet. Frivillighet Norge føreset at ei slik endring ikkje medfører ei ansvarsfråskriving frå sentrale myndigheiter, men snarare at folkhelsearbeidet totalt sett vert styrka avdi det regionale leddet også får eit uttrykt ansvar. Det er viktig at det finst midlar sentralt for å kunne utnytte dynamikken i frivillige organisasjonar.
Frivillighet Norge vil oppfordre det folkevalte regionale nivå til å initiere til samarbeid med det store spekteret av frivillige organisasjonar i det førebyggjande arbeidet. Å gje opningar for fruktbart samarbeid på tvers av sektorar er positivt. Dagens ordning med partnarskap for folkehelse er eit godt tiltak for frivillige organisasjonar. Frivillighet Norge sluttar seg til departementet sitt forslag om å styrkje denne satsinga som eit ledd i vitaliseringa av lokal- og regionaldemokratiet.
Sven Mollekleiv
Styreleder
Birgitte Brekke
Daglig leder

