Instruktøren frå Frivillighet Norge fortalde om frivillige organisasjonar i Noreg. Tilhøyrarane fekk informasjon om dei frivillige organisasjonane si viktige rolle, for samfunnet og for den einskilde. Tilbakemeldinga etterpå var mange og gode. Lærarane gav uttrykk for at dei hadde fått mykje dei kunne bygge vidare på i undervisninga.
Korleis kan vi bli med?
![]() |
| Workshop i Øystese. Foto: Kari Mostad |
Elevane hadde også mange spørsmål, som korleis dei kunne bli medlem av eit fotballag, om det fanst organisasjonar som jobbar med mental helse og om kor mykje frivillig arbeid det ville bli forventa av dei om dei blei med i ein organisasjon. Frivillig arbeid finn ein verda over, men det går gjerne føre seg på ulike måtar. Måten vi gjer det på i Noreg er derfor viktig informasjon til dei som er nye i landet og som skal finne seg tilrette i samfunnet vårt.
Lokale lag presenterte seg
På møtet deltok også leiarane for Øystese Sanitetslag og LHL Kvam. Dei fortalde om arbeidet i sine lag og kvifor dei var med der. I tida før informasjonsmøtet hadde vaksenopplæringa fått besøk av Øystese Skulemusikk, Lions Club Norheimsund og Kvam Handball.
Workshop for inkludering
Kvelden før var det eit ope møte for frivillige lag og organisasjonar i Kvam. På møtet fekk deltakarane vere med på ein workshop om inkludering av etniske minoritetar. Deltakarane var aktive og kom med mange gode forslag til korleis dei kunne få med seg fleire i sine lag.
Kari Mostad i Grannehjelpa i Kvam hadde gjort ein stor innsats for å få i stand begge møta. Det var veldig positivt å ha lokale lag med til vaksenopplæringa. Gjennom det opprettar ein kontakt og seinkar tersklane både for dei lokale laga og for dei som dei ynskjer å rekruttere.
Bestill ein instruktør
Ynskjer du besøk av ein av instruktørane våre? Ta kontakt med Ida Marie Holmin, tlf. 21 56 76 58, ida@frivillighetnorge.no.


