Frivillighet Norge er et samarbeidsforum for frivillige virksomheter. Vi arbeider for bedre rammevilkår for frivillige organisasjoner og økt forståelse for den store, viktige, frivillige innsatsen i samfunnet.

Kommentar til Inkluderingsutvalets NOU 2011:14

14. juni mottok Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken utgreiinga frå Inkluderingsutvalet. Resultatet av utvalet sitt arbeid er presentert i NOU 2011:14 Bedre integrering. Mål,strategier, tiltak. Også frivillig sektor er omtalt. – Vi kjenner att fleire av dei utfordringane som utvalet peikar på. Mange av tiltaka utvalet foreslår har vi god erfaring med, seier Birgitte Brekke, generalsekretær i FrivillighetNorge.

Viktig arena

Innvandrarar deltek i noko mindre grad i sivilsamfunnet enn majoritetsbefolkinga. Dei er i første rekke engasjert i etniske, fleirkulturelle og religiøse organisasjonar, mens majoritetsbefolkninga er aktive i kultur og fritidsorganisasjonar, og nærmiljøorganisasjonar. Utvalet framhevar at frivillig sektor er ein svært viktig arena for integrering og inkludering. Frivillig sektor står sterkt i Noreg og på sikt kan det bli eit demokratisk problem dersom einskilde grupper har systematisk lågare deltaking i organisasjonslivet enn andre.

- Eit inkluderande samfunn er avhengig av ein inkluderande frivillighet. Auka deltakinga er eit viktig mål for Frivillighet Norge. Vi ser positive resultat, men også at det framleis krevst innsats for å fremje utviklinga mot eit større mangfald. Vi er opptatt av både eit større mangfald blant medlemmane i organisasjonane, men også av at fleire minoritetsorganisasjonar inkluderast i organisasjonsfellesskapet. Majoritetsorganisasjonar har eit stort ansvar for å bygge bruer i form av samarbeid med minoritetsorganisasjonar. Det er spanande at utvalet foreslår under tilskot å gjere frivillige organisasjonar i stand til å tilsette ”brubyggarar” som kan jobbe opp mot andre organisasjonar, seier Brekke.

 

Frivilligheten treng innvandrarane

-Samanlikna med andre land deltek minoritetar i Noreg i høg grad i frivillig arbeid, fortel Brekke. 36% av innvandrarane frå Asia og Afrika deltek med frivillig arbeid årleg, mot 48% av befolkinga som sådann. Dette plasserer Noreg i verdstoppen når det gjeld frivillig innsats.

Vi må vere klar over at innvandrarane er ein resurs som frivillig sektor treng, og ikkje minst må vi sjå og verdsette den rolla mange minoritetsorganisasjonar spelar.

Frivillighet Norge krev at frivilligeorganiasjonar skal bli høyrt i saker som gjeld dei. –Det er synd at utvalet ikkje har ein grundigare omtale av det faktum at minoritetsorganisasjonane i svært liten grad blir inkludert når myndigheitene på lokalt og sentralt nivå utviklar politikk. Minoritetsorganisasjonane blir ikkje invitert inn og blir ikkje høyrt i same grad som dei tradisjonelle norske organisasjonane, seier Brekke.

 

Gjennomgang av støtteordningar

Utvalet foreslår ein gjennomgang av tilskotsordningar på integreringsfeltet for å sikre at ordningane bidreg til å styrke fellesarenaer der minoritetar og majoritetar møtest. Tilskot til majoritetsorganisasjonar bør innehalde krav m.a. om ein inkluderande rekrutteringspolitikk. Vidare foreslår utvalet at tilskot til innvandrarorganisasjonar gjerast avhengig m.a. av at dei gjev ”hjelp til sjølvhjelp”, er opne og står for verdiar som demokrati og likestilling.

 

Utvalet tilrår at ein ikkje gjev integreringsstønad til kulturelle og sosiale tiltak som kun har som mål å ivareta kulturell identitet innad i etniske grupper. Utvalet meinar at innvandrarorganisasjonar skal kunne søkje tilskot til kulturtiltak frå generelle ordningar i kulturlivet, på linje med organisasjonar der hovudsakleg majoritetsbefolkinga deltek.

 

Organisasjonane har nyttige erfaringar

Utvalet foreslår tiltak for å skaffe meir kunnskap om innvandrarar si deltaking i frivillig sektor og korleis tersklane for deltaking kan seinkast.

- Vi er glade for at utvalet peikar på behovet for meir kunnskap, men vi saknar ei oppmoding til myndighetene om å invitere organisasjonene til å vere med å utforme bestillinga til forskarane, seier Brekke. Organisasjonene sit på erfaringar og veit kva dei treng og vite meir om for å lukkast betre med inluderingsarbeidet, held ho fram.

 

Tiltak som gjev resultat

I tillegg til ein gjennomgang av tilskotsordningar foreslår utvalet tiltak som eit ”jenteløft”, eit statleg finanisert”deltakarkort” for barn og unge frå fattige familar og auke i statlege tilskot til organisasjonar i lokalsamfunn med høg innvandrarbefolking. Utvalet foreslår også informasjonskampanjer og målretta opplæring om betydninga av deltaking i frivillig arbeid, samt informasjonskampanjer mot majoritetsorganisasjonar om at det er viktig med ein aktiv inkluderande rekrutteringspolitikk.

-Dei fleste av tiltak som utvalet foreslår er velkjende for Frivillighet Norge. Vi har god erfaring gjennom fleire år med informasjonsmøter for minoritetsbefolkinga om frivillig sektor og workshops for organisasjonar om inkludering og rekruttering. Vi skaper arenaer der minoritetsorganisasjonar og tradisjonelle organisasjonar møtest, bygger nettverk og legg grunnlag for samarbeid og brubygging. Resultata av denne typen arbeid blir synleg på sikt. Difor er det svært positivt at utvalet slår fast at det er behov for at tilskot og prosjektstønad kan løyvast for fleire år, seier Brekke.

 

Høyring

Departementet vil sende utvalet sitt forslag på høring i løpet av sommaren med høyringsfrist 15. september. Frivillighet Norge vil delta i høyringa. Saka vil bli behandla i nettverket for statens forhold til de frivillige organisasjonene i møte over sommaren. Vi vil lage utkast til høyringssvar som på vanleg måte vil bli sendt til medlemmene slik at at dei kan kommentere eller foreslå endringar.

Starte en organisasjon?
Sjekk veilederen Ut av startgropa!