Digital konferanse med Vestland Fylkeskommune og Frivillighet Norge

Auka samspel gjennom kommunal frivilligpolitikk
Korleis kan ein frivilligheitspolitikk i kommunane føre til auka samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor? Vestland fylkeskommune og Frivillighet Norge inviterer til digital konferanse fredag 28. mai kl. 12.00 – 14.00.
Målet med konferansen
Mobilisere og inspirere kommunane i Vestland til å setje i gang arbeidet med å utvikle og vedta politikk for frivillig sektor i samarbeid med frivilligheita.
Målgruppe
Kommunalt tilsette innan kultur, idrett, folkehelse og planarbeid. Politikarar. Frivilligsentralar. Konferansen er open for alle, krever påmelding, og tema er retta inn mot kommunane.
Praktisk
Konferansen blir gjennomført på Zoom, og påmeldingsfristen er 27. mai. Alle påmelde får tilsendt e-post med lenke til konferansen på e-post seinast på føremiddagen 28. mai.
Program
12.00 Velkomen v/ Vestland Fylkeskommune og Frivillighet Norge
12.10 Kvifor frivilligpolitikk i kommunane?
Kommunal frivilligheitspolitikk og lokale organisasjonar v/ Håkon Solbu Trætteberg, forskar ved senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor
12.25 Korleis utvikle god frivilligpolitikk i kommunane? v/ Bjørn Lindstad, politisk seniorrådgjevar i Frivillighet Norge
12.45 Løft for frivilligheita i Vestland. Presentasjon av kunnskapsgrunnlag og tiltak for frivillig sektor v/ Åge Avedal, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune
12.55 Pause
13.05 Mobilisering etter korona-krisa. Inkludering gjennom rekruttering.
Presentasjon av Frivillig.no og Ungfritid.no, «Dugnad for økt deltakelse» og Frivilligheitas år 2022 v/ Vanja Konradsen, prosjektleiar i Frivillighet Norge
13.20 Flekkefjord kommune sitt arbeid med frivilligheitspolitikk v/ Marianne Hafte, dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Flekkefjord
13.30 Frivilligsentralane som medspelar for frivillige og kommunane v/ Kari Valle, leiar i Vestland frivilligsentralar
13.35 Samarbeid mellom frivillige og det offentlege innan kulturminnearbeid
13.45 Frivilligheit og kultur som del av planlegginga i kommunane.
Arbeidet med regional plan for kultur, idrett og friluftsliv i Vestland
v/ Sissel Lillebø Aarseth, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune
13.55 Takk for i dag! v/ Vestland fylkeskommune og Frivillighet Norge
14.00 Høve til å henge igjen på Zoom for å diskutere innhaldet i konferansen og dele erfaringar fram til kl. 14.30