Inspirasjonsmøte om Mangfaldsplakaten
Bli med på inspirasjonsmøte om arbeidet med å auke mangfaldet i organisasjonen, og om å ta Mangfaldsplakaten i bruk. Presentasjon av nye verktøy og forskning.
Program
- Innleiing ved Ida Marie Holmin i Frivillighet Norge
- Amir Ranjbar, dagleg leiar i Wild X fortel om deira arbeid med mangfald og inkludering
- Ivar Eimhjellen, forskar ved NORCE, presenterer funn frå rapporten Rekruttering og inkludering i organisasjonslivet
- Presentasjon av ny ressursartikkel for Mangfaldsplakaten om rasisme og diskriminering, ved Kai Andre Sunde i Frivillighet Norge
- Innspel, erfaringar og spørsmål frå deltakarane i møtet
Pratisk
Møtet er 8. april kl. 13.30-14.45.
Dette er eit digitalt møte. Meld deg på, så får du tilsendt lenke til å logge deg på.
Det er gratis å delta, men påmelding trengs.
Nyttige lenker
Rapport frå NORCE: Rekruttering og inkludering i organisasjonslivet