Hopp til hovedinnholdet

Vi feirer frivillighetens år 2022! Les mer →

Digital: Kurs i søknadsskriving og rekruttering i Vestland Fylkeskommune

Logo til Frivillig.no

Korleis skal vi få med fleire frivillige og deltakarar på aktivitetane våre framover? Og korleis få pengar til dei gode prosjekta?

Arrangørar av kurset er Frivillighet Norge og Vestland fylkeskommune.

Tid: Torsdag 17. februar kl. 17.30 – 19.00

Målet med kurset: Redusere barrierane for deltaking og få fleire med i frivilligheita i Vestland. Auka kunnskap om stønadsordningar og korleis skrive gode søknader.

Målgruppe: Kurset er open for alle, men hovudmålgruppa er frivillige, tillitsvalde og tilsette i regionale frivillige organisasjonar i Vestland. Tilsette som jobbar med frivillige i kommunane i Vestland er også invitert.

Praktisk: Kurset blir gjennomført på Zoom, og påmeldingsfristen er 16.februar. Alle påmelde får tilsendt e-post med lenke til kurset på e-post seinast på føremiddagen 17. februar.

Program:
17.20 Innsjekk i Zoom
17.30 Opning, ved Frivillighet Norge og Vestland fylkeskommune
17.35 Korleis får vi med fleire og kan redusere barrierane for deltaking? Vanja Konradsen,
prosjektleiar for Frivillig.no i Frivillighet Norge
18.00 Intro til søknadsskriving. Nasrin Naimy, Frivillighet Norge
18.15 Eksempel frå organisasjon
18.25 Frå idé til fullfinansiert prosjekt. Tilskotsordningar i Vestland. Åge Avedal, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune
18.45 Spørsmål, innspel, oppsummering og takk for i dag

Kontaktperson

Bilde av Dorthe Westgaard
Dorthe Westgaard
Organisasjonsmedarbeider
21 56 76 66 / 955 58 708
[email protected]

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring