Søk

Dialog om kommunal frivillighetspolitikk i Moss

Publisert:
Oppdatert:

7. mai var frivillige organisasjonar i Moss samla for å gje kommunen innspel til ny handlingsplan for frivillighet. Generalsekretær i Frivillighet Norge, Birgitte Brekke, var invitert til å halde foredrag om samarbeid mellom frivillig og offentleg sektor.

Speakers corner

Alle som kom vart helsa velkomen med eit muntert ding-dong i døra frå den gongen lokalet var ein kjolebutikk. No har kommunen gjort det om til ein møteplass. Her inviterer dei til dialog med innbyggarane. Frivillige lag og foreiningar kan presentere seg og kome med synspunkt på veggtavla.

Moss kommune sin frivillighetspolitikk har som visjonen at Frivilliget skaper glede og aktiviteter, styrker og utvikler Moss. Ordførar Tage Pettersen nytta høvet til å takke eldsjelene i Moss for all den frivillige innsatsen dei gjer.

Forslaga som kom fram i møtet blir tekne med vidare inn i kommunen sitt arbeid med handlingsplanen, som så vil kome på høyring i løpet av sommaren.

Heilskapleg frivillighetspolitikk

I sitt innlegg la Birgitte Brekke vekt på at frivillighetspolitikken må skapast lokalt og i samarbeid mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Det er viktig at organisasjonane deltek i prosessen, slik dei gjer i Moss. Kommunen må heile tida ha for auge at ”drivstoffet” til dei frivillige ikkje er kommunen sine behov, men innbyggarane sine ynskje om å utfalde seg og å bidra positivt i samfunnet. Gjennom å løfte frivilligheten kan kommunen hauste store gevinstar i form av meir aktive og trygge lokalsamfunn, auka mangfald og styrka folkehelse.

Frivillighet Norge og KS har laga ein plattform for samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor og oppmodar til at det blir etablert tilsvarande i alle kommunane i landet.

Dialog med alle

Ein heilskapleg frivillighetspolitikk må ta mål av seg å sjå alle dei frivillige. For å få ein god prosess er det viktig at alle typar organisasjonar får høve til å delta. På møtet var det mange ulike organisasjonar, også minoritetsorganisasjonar. Dette gav mange ulike forslag. For eksempel at organisasjonane må bli betre kjent for kvarandre og innbyggarane, t.d. gjennom informasjon på fleire språk og at Moss kan profilere seg som ein by med gode fasilitetar for organisasjonar som skal gjennomføre større arrangement.

Vil besøke 6 kommuner i 2013

Kommunal frivillighetspolitikk står høgt på dagsorden i Frivillighet Norge. I år vil vi besøke fleire kommunar. Vi vil snakke med kommunane om kva som må ligge til grunn for eit godt samspel med frivilligheten. Vi vil også snakke med organisasjonane for å inspirere til å engasjere seg i frivillighetspolitikk lokalt. I løpet av året kjem vi med eit eige hefte som frivillige organisasjonar kan bruke for å samarbeide og å gå i dialog med myndigheitene i sin kommune.

Her kan du lese mer om arbeidet med frivillighetspolitikk i Moss.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring