Frivillighet Norge gratulerar Widvey
![Kulturdepartementet](https://frivillighetnorge.imgix.net/Kulturdepartementet.jpg?auto=compress%2Cformat&crop=focalpoint&fit=crop&fm=webp&fp-x=0.5&fp-y=0.5&h=111&q=85&transformer=imgix&w=278.5)
Frivillighet Norge gratulerar Thorhild Widvey med utnemninga som ny kultur- og kyrkjeminister.
Frivillighet Norge ser fram til samarbeidet med den nye ministeren og har store forventningar til at ho i tillegg til å vere minister for idrett, kultur og kyrkje, også vil vere frivillighetsminister.
Vi treng ein minister som sikrar at staten møter dei frivillige organisasjonane med like definisjonar, krav og haldingar i alle tilhøve. Og unngår til dømes det Kirkens Bymisjon har erfart, at dei vert definert som samfunnsnyttige i ei tilskotsordning og ikkje i ei anna.
Frivillige organisasjonar må ikkje berre rosast i festtalar, med det må også leggjast til rette for vekst i sektoren. Det er viktig at staten lyttar til dei frivillige organisasjonane og ikkje legg planar for oss, men saman med oss.