Søk

Høringssvar til forslag om forbud mot tigging

Publisert:
Oppdatert:

Frivillighet Norge har sendt sitt høyringssvar til Justis- og beredskapsdepartementet angående forslaget om endring i politiloven som vil gi kommunene adgang til å forby tigging på offentlig sted.

I høyringssvaret står det mellom anna:

SSB sin satellittrekneskap for frivillig sektor viser at sektoren skaper verdiar tilsvarande 101 milliardar kroner. 1/3 av inntektene i sektoren kjem i form av offentlege overføringar/tilskot, medan organisasjonane skaffar 2/3 av inntektene sine gjennom medlemskontingentar, lotteri, sal og gåver2. Innsamla midlar utgjer ein svært viktig del av organisasjonane sitt inntektsgrunnlag, og er særleg viktig for lokale lag og foreiningar. Molegheitene til å drive pengeinnsamling på offentleg stad er viktig for frivillige organisasjonar.

Vi ser at departementet søkjer å verne frivillige organisasjonar mot å bli ramma av forbod mot tigging ved å etablere plikt til å melde alle innsamlinger til ideelle føremål til Innsamlingsregisteret. Dette ikkje løyser problemet som tiggeforbod vil skape for frivillige lag og foreningar, men påfører dei snarare meir byråkrati og auka kostnader .

Det er berre vel 100 organisasjonar som er registrert i Innsamlingsregisteret, dei fleste av desse er store organisasjonar. Det kostar kr. 5000,- å kome inn i registeret. I tillegg kjem årleg avgift for å stå i registeret. For små organisasjonar, som utgjer brorparten av dei frivillige laga som samlar inn pengar, inneber dette at dei blir belasta med store utgifter og auka byråkrati, berre for å kunne halde fram med innsamlingsaktivitetar som dei alltid har drive, og som er viktig for organisasjonen og for samfunnet. Det vil føre til at kroken blir satt på døra for innsamlingar i ei rekke lokale lag og til auka medlemsavgiftar eller opphør av aktivitetar.

Les heile høyringssvaret her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring