Søk

Høyring på stortingmelding om kultur, inkludering og deltaking

Publisert:
Oppdatert:

Frivillighet Norge har delteke på høyring i familie- og kulturkomiteen om Stortingsmelding St 10 (2011-2012) Kultur, inkludering og deltaking.

14. februar møte Frivillighet Norge familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Vi overleverte eit høyringsnotat med ei rekkje merknader og forslag. Vidare la vi vekt på å få fram at på tross av at det frivillige kulturlivet er eit av 4 satsingsområder i stortingsmeldinga så er det lite politikk knytt til aktivitetar i teaterlag, korps, kor, orkester og ulike grupper som jobbar med kulturminnevern i meldinga. Frivillighet Norge meinar at det må vere særleg viktig å fokusere på det frivillige kulturlivet når målet er inkludering.

Stortingsmeldinga finn du her.

Høyringsnotat - stortingsmelding om kultur, inkludering og deltaking (familie- og kulturkomiteen)

Frivillighet Norge deltok i høyring 14. februar 2012 og overleverte fylgjande notat til komiteen:

10. februar 2012

FRIVILLIGHET NORGES INNSPEL TIL MELD. ST. 10 (2011-2012) KULTUR, INKLUDERING OG DELTAKING.

Generelle betrakningar

I meldinga blir det peika på at frivillige organisasjonar er viktige arenaer for og pådrivarar for inkludering og mangfald. Det er positivt at inkludering gjennom samarbeid med og deltaking i frivillig kultursektor er peika ut som eit eige satsingsområde. Frivillighet Norge saknar likevel kontrete forslag til korleis ein skal stimulere til auka deltaking og inkludering gjennom å mobilisere frivillig sektor. Forventningane til frivillig sektor følgjast ikkje opp, korkje med gode nok rammevilkår, forslag eller auka kunnskap.

Om 6.4.4 Tiltak: bidra til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge

Frivillighet Norge er positiv til at regjeringa ønskjer å bidra til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge frå familiar med låg inntekt. Å kunne delta i fritidsaktivitetar på lik line med andre er viktig og Frivillighet Norge understrekar at fritidsaktivitetar i regi av frivillige organisasjonar må inkluderast i prøveordninga.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til kapittel 6.4.4:

Komiteen ber om at prøveordninga for eit opplevingskort for barn og unge blir utvikla i dialog med Frivillighet Norge.

Om 8.4 Samarbeid mellom det offentlege og frivillig sektor

I kapitlet vert plattforma for samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor som KS og Frivillighet Norge inngjekk i januar 2011 omtalt. Vidare vert det vist til eit årleg kontaktmøte mellom Kulturdepartementet, KS og Frivillighet Norge. Frivillighet Norge er glad for dette samarbeidet med departementet og ønskjer at dette kan styrkast ytterlegare.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til kapittel 8.4:

Komiteen ber departementet om å ta initiativ til at det blir inngått ein avtale om ei samarbeidsplattform som grunnlag for samarbeidet mellom Kulturdepartementet og Frivillighet Norge, som byggjer på dei samme prinsippa som er nedfelt i samarbeidsplattforma mellom KS og Frivillighet Norge.

Om 8.5 Betre rammevilkår for frivillig sektor og auka ressursar til lokal aktivitet

I kapitlet vert det vist til at regjeringa har etablert ei tilskottsordning for kompensasjon av meirverdiavgift for frivillige organisasjonar og at forskning er eit prioritert område i regjeringas frivilligpolitikk.

Momskompensasjon

Regjeringa har lagt 627 mill. kr. i momskompensasjonsordninga for 2012. Dette er ein auke på 3,1 % i høve 2011, dvs. tilsvarande forventa prisauke, og med det ingen reell auke. Dette er i strid med Kulturministerens løfte i brev av 16.6.2009, der han skriv at momskompensasjonen skal trappast opp til totalt 1,2 mrd kroner i 2014, og at ordninga fasast inn jamt i perioden 2010-2014.

Stillstanden i momskompensasjonsordninga vil saman med den varsla reduksjonen i tippemidlane og reduksjonen i midlane til vaksenopplæring som vert formidla gjennom studieforbunda, føre til at mange lokale lag og foreiningar må redusere aktivitetsnivået i 2012, samt at det skaper usikkerheit rundt ordninga. Dette gjer det naturlig nok også vansklegare for organisasjonane å ta det naudsynte krafttaket for å auke deltakinga frå grupper som ikkje deltek i organisasjonslivet i like stor grad som befolkinga som heilskap.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til kapittel 8.5., underoverskrift Meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar:

Komiteen ber om at regjeringa står ved løftet om ei jamn innfasing av momskompensasjonen. For å nå dette må potten aukast med 300 mill kr i 2013 og nye 300 mill kr i 2014.

Forskning på frivillighet

I meldinga vert det slått fast at forskning er eit prioritert område i regjeringas frivilligpolitikk. Frivillighet Norge ser mange utfordringar og har ved fleire høve uttrykt bekymring, både fordi videreføring av eksisterande forskningsløp er usikkert, og at det generelt sett vert forska for lite på området. Det virtuelle senteret for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor er regjeringas viktigaste tiltak for å skaffe forskningsbasert kunnskap om frivillighet. Senteret har opparbeidd mykje kompetanse på feltet, men det er uklart kva som skjer når programperioden går ut sommaren 2012. Frivillighet Norge ønskjer ein arena for å diskutere spørsmål om forskning med løyvande myndigheiter og for meir involvering frå frivillig sektor i val av problemstillingar.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til kapittel 8.5, underoverskrift Styrkja kunnskap og forskning:

Komiteen forventar at midlar til forskning på frivillighet blir prioritert høgare framoverer og at frivillig sektor sitt kunnskapsbehov blir ivareteke gjennom eit uavhengig programstyre for løyvinga.

Om 8.6.2 Tiltak: auka merksemd om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i knutepunktinstitusjonane

Departementet vil auke merksemda om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i dialog med knutepunktinstitusjonane. Frivillighet Norge er positive til at det kan kome i gang eit samarbeid mellom disse aktørene med det føremålet å fremje mangfald og inkludering.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til 8.6.2:

Komiteen foreslår at det vert sett av midlar til at det kan kome i gang eit samarbeid mellom knutepunktinstitusjonane og frivillige organisasjonar om å fremje mangfald og inkludering, etter nærare dialog mellom knutepunktinstitusjonane og dei store samarbeidsorganisasjonane og paraplyane i det frivillige kulturlivet.

Om 8.7.1 Tiltak: pilotprosjekt for mangfald i styre og leiande posisjonar

Frivillighet Norge er positive til at det vert utvikla eit pilotprosjekt for å auke talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar, og at dette skal skje i samarbeid med frivillig sektor. Frivillighet Norge vil understreke at rekrutteringstiltak må byggje på innsikt i verdiar og prinsipp for rekruttering i frivillig sektor. Det må jobbast breidt med problemstillinga og ikkje berre rekrutterast på toppen i organisasjonen. Toppen i organisasjonane kjem frå botnen og tiltak som skaper grobotn for ei breiare rekruttering til frivillig sektor vert viktige.

Erfaring frå Sverige viser at ein nettportal for rekruttering av frivillige fungerer godt når målet er å rekruttere fleire med innvandrarbakgrunn. Dei som engasjerer via denne speglar befolkingssamansettinga i Sverige. Frivillighet Norge har med stønad frå BLD utgreidd moglegheiter og kostnader knytt til etablering av ein slik nettportal i Norge.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til kapittel 8.7.1:

Komiteen meinar at ein nasjonal nettportal for rekruttering av frivillige må inkluderast i arbeidet for å auke talet på personar med etninsk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar. Nettportalen må utviklast og driftast av frivilligheten sjølv, med finansiering frå staten.

Om 8.8.1 Tiltak: støtte opp under initiativ som bidreg til kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling

I omtalen av dette tiltaket står det at departementet i dialog med frivillig sektor vil støtte opp under initiativ som bidreg til å fremje kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling. Frivillighet Norge etterlyser ei sterkare satsing. For å styrke og løfte fram eit mangfald av uttrykk i det frivillige kunst- og kulturlivet bør det setjast av midlar til kunst- og kultursamarbeid mellom tradisjonelle norske organisasjonar og minoritetsorganisasjonar. Ved å tilrettelegge for at det i større grad kan utviklast samarbeid mellom det frivillige kulturlivet og det profesjonelle vil også eit større mangfald kunne bli synleg.

Frivillighet Norge foreslår at komiteen vedtek følgjande merknad til 8.8.1:

Komiteen ber om at:

1) det etablerast ei stønadsordning som stimulerer til samarbeid mellom tradisjonelle norske organisasjonar og minoritetsorganisasjonar

2) stønadsordningar på kultursektoren vert gått gjennom med tanke på endringar som i større grad kan stimulere til samarbeid på tvers av ulike aktørar i kulturlivet. Dei frivillige kulturorganisasjonane må inviterast til dialog om dette.

Om 8.8.2 Tiltak: vidareutvikle frivilligsentralane som møteplass og samhandlingsarena

I omtalen av dette tiltaket står det at regjeringa vil bidra til at frivilligsentralane blir vidareutvikla som viktige samhandlingsarenaer for frivilligheit lokalt, og at sentralane skal vere støttespelarar for å skape gode, levande lokalmiljø. Vi les dette i lys av avgrensinga som er gjort i 1.3 Avgrensingar om at meldinga avgrensar seg til kultursektoren.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til 8.8.2:

Komiteen oppfordrar til at vidareutvikling av frivilligsentralane for samhandling mellom frivillige kulturorganisasjonar og frivilligsentralar skjer i dialog med paraplyane og dei store samarbeidsorganisasjonane i kulturlivet.

Om Kapittel 9 Kultur i samspel med andre politikkområde

I 9.2. Kultur og helse står det at dei nordiske landa skårar høgt på ulike livskvalitetsindeksar og at ein medverkande grunn for dette er ein aktiv kulturpolitikk og ein stor frivillig sektor. Kapittel 9 syner ulike døme som andre fagdepartement har kome med på korleis kultur kan vere viktig på ulike samfunnsområde. Det er relativt få av døma som speglar den viktige rolla frivillige kulturorganisasjonar og frivillig sektor spelar.

Frivillighet Norge ber Familie- og kulturkomiteen om å vedta følgjande merknad til kapittel 9:

Komiteen ber om at departementet i sin dialog med andre fagdepartement synleggjer og ivaretek den viktige rolla som frivillige organisasjonar spelar for samfunnet og for den einskilde. Ein heilskapleg frivilligpolitikk vil gje grobotn for ein aktiv, veksande og mangfaldig frivillig sektor.

Med venleg helsing

Birgitte Brekke Ida Marie Holmin

Generalsekretær Rådgjevar

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Les personvernerklæring